Read Aloud the Text Content
This audio was created by Woord's Text to Speech service by content creators from all around the world.
Text Content or SSML code:
Praktisk og teoretisk eksamen – VPD210 Oppgave 1 – Personleg pleie og hygiene Guri er ei dame på 86 år, ho bur på sjukeheim på eige rom. Ho har diagnosen Alzheimer demens, og har nyleg vorte operert for eit brot i venstre hofte etter eit fall. Ho forstår at ho er på sjukeheimen og det verkar som ho likar seg der. Guri tek imot hjelp, men har vanskar med å forstå kva som skal skje og har behov for mykje informasjon undervegs i stellet for å vere trygg. De skal hjelpe Guri med morgonstell. Ho har lite krefter, men kan bruke armane ein del. Ho blir stelt i seng no etter fallet, då dette fungera best for ho. De har ansvaret for morgenstellet. Spørsmål 1: Forklar korleis du ville utført nedentil stell på kvinne og mann: Utfør håndhygiene og ta på hansker. Ta av eventuelle klær på underkroppen. Dekk til sengen og underlivet til pasienten med et håndkle. Underlivshygiene hos kvinner: Skill kjønnsleppene forsiktig. Vask med klut fra klitoris og ned mot endetarmsåpningen (fra rent mot urent). Skyll kluten etter hver vask. Deretter vasker en over symfysen og i lysken. Tørk godt. Se Illustrasjon. Underlivshygiene hos menn: Trekk forhuden tilbake. Vask penishodet, furen og forhuden. Trekk forhuden frem igjen. Vask deretter penis og skrotum, og tørk godt. Se Illustrasjon. Snu pasienten på siden. Vask seteballene og deretter rundt endetarmsåpningen. Tørk huden og smør eventuelt setet med fuktighetskrem eller barrierekrem. Ta på underbukse, og tilby eventuelt pasienten innlegg/bleie. Legg kluten, håndkleet og annet skittentøy til vask. Ta av hanskene og utfør håndhygiene. Spørsmål 2: Kva observasjonar tenkjer du er sentrale under stellet av Guri? Sentrale observasjonar vil vere å sjå etter sår, observere huda: er det rødhet eller hovent nokon plass? Sjekke hudfoldar, sjekke huda generelt under stell. Sjekke brotstaden, ev. skifte plaster dersom det er komt væske gjennom plasteret og gjennomføre sårstell om dette er nødvendig. Etterspør smerter og observere funksjonsnivå. Kva mestrar Guri med tanke på bevegelse og forflytting under stellet. Spørsmål 3: Nemn kort dei vanlegaste komplikasjonane ved inaktivitet: Nedsett aerob kapasitet Redusert muskelstyrke Leddstivheit Nedsett apetitt Obstipasjon Trykksår Økt fallfare Sosial isolering Depresjon Spørsmål 4: Nemn tiltak for å førebygge og avgrense nokre av komplikasjonane som ein kan få ved inaktivitet: Daglege bevegelsar som armløft, bøy og strekk av bein og anklar, variere hodehøyde, hyppig stillingsendring, sitte på sengekanten med god støtte for beina, opp å gå dagleg, enkle tilpassa styrkeøvingar. Spørsmål 5: Kva meinar me med fallførebyggande tiltak, forklar nokre tiltak ein kan sette i verk: Fallførebyggande tiltak er for å førebygge fall. Dette kan innebære tiltak som regelmessig fysisk aktivitet. Når ein styrkar kroppen og muskulaturen gjennom til dømes styrketrening vil ein kunne førebygge fall fordi ein vedlikeholder muskelstyrken. Balansetrening er også viktig for å bevare god koordinasjon og førebygger fall. Fjerne “fallfarer” i miljøet, som dørterskel og tepper på gulvet. Bruk av hjelpemiddel som rullator, preikestol, gåstavar eller krykker. Funksjonsvurdering med vekt på ADL. Mental funksjon, muskelstyrke, balanse, forflytningsevne, og gangfunksjon. Vitamin D tilskudd, dersom mangel. Gjennomgang av medisinar, og ev. gjere justeringar. Spørsmål 6: Kom med tre konkrete eksempel på brukarmedverknad du kan legge til rette for i stellet: Først og fremst vil eg spør Guri om ho vil få morgonstellet no, dersom ho vil vente litt lagar eg ein avtale om at eg kjem inn igjen etter x antall minutt. Guri kan bøye seg fremover ev. med litt assistanse ved ryggvask. Ho kan sette opp bein/bøye kne ved vask av føtter og bein. Eg spør Guri kva ho vil ha på seg av klær. Ho kan ta på tøy på overkroppen sjølv. Ein kan legge fram alt utstyr til vask av ansikt og overkropp slik at Guri kan gjere dette sjølv. Spør Guri kva produkt ho ønsker å vaske seg med, om det er ein spesiell ansiktskrem ho pleier å bruke eller deodorant og ev. parfyme. Det er viktig å forlkare nøye gjennom stellet kva eg skal hjelpe ho med og forsikre meg om at ho har forstått informasjonen. Det er viktig å ta hensyn til at Guri har Alzheimer demens under stellet, ta seg god tid slik at ho ikkje blir redd eller forvirra undervegs. Dersom ho ikkje ønsker å vaske seg på ryggen til dømes, kan vi sløyfe dette akkurat i dag. Men ein kan prøve motivere Guri til å gjere dette neste dag ev. Spørsmål 7: Forklar kva ein meiner med personsentrert omsorg, og hvilke etiske og hygieniske prinsipper er viktig her: 1. Fokus på den enkelte menneske som eit heilheitleg og unikt individ. 2. Fokus på personens kvardagsliv. 3. Erkjennelse av at personen er ekspert på eget liv, som krever deltakelse og myndighet over eget liv. 4. Respekt for personen “bak” sjukdommen og funksjonssvikten. en omsorgsfull og anerkjennende relasjon mellom pasient, pårørende og personalet. styrking av omgivelsene (til dømes ved hjelp av planter eller dyr). muligheter for sosial stimulering og givende relasjoner (god tilrettelegging av besøk av familie og mer interaksjon mellom bebuarar/pasientar og tilsette). kontinuitet i omsorgen ved at færre pleiarar får ansvar for å følge opp pasienten. endringar i lederskap og administrative prosedyrar, med større ansvar og myndighet delegert til pleiarar som utfører sjølve omsorgen. implementering av bemanningsmodell som fremmer pleiernes myndighet og muligheter for å yte individuelt tilpassa sjukepleie. ein personsentrert og humanistisk omsorgsfilosofi. Etablere ein tillitsfull relasjon mellom pasient, pårørande, og personalet. Bruke kartleggingsverktøy og metodar for å avdekke individuelle behov og ønsker. Sikre at pasienten og pårørande er innvolvert i beslutningar. Alt dette kan redusere atferdsproblematikk, øke mestring, og minske frustrasjon og engstelse. Kan redusere forverring av alvorleg sjukdom og hindre død. Spørsmål 8: Forklar kort kva alzheimers demens er: Alzheimers demens er ein sjukdom som rammar hjernen, der protein i hjernen klumpar seg saman og dannar plakk, som skader nerveceller og fører til at nerveceller dør. Første symptom er redusert hukommelse og konsentrasjon. Vanskelig å halde ein lengre samtale, ein blir passiv, uroleg, irritabel eller engstelig. Minner langt bak i tid hugser ein som regel bra. Etterkvart som sjukdommen utviklar seg vil ein få problemer med å tolke sanseintrykk, forstå abstrakte forhold, atferdsendringar, irritabilitet, følelsesmessig labilitet, endring av døgnrytme, vandring på natten og rastlausheit. Sjukdommen utviklar seg svært sakte i starten, og mange klarer ofte å skjule symptoma lenge.